Sjakalvåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Sjakalvåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sørlege Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteo rufofuscus
Beskriven av
(Forster, JR, 1798)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 990 gram og hofuglane rundt 1,3 kilo.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna plantasjar, tropisk fjellskog, tørr savanne, tørr tropisk buskmark og høgtliggjande tropisk grasmark. Sjakalvåk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i skogen.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 40 dagar. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av tre til fire år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sjakalvåk
Buteo rufofuscus
Artsdatabanken-ID
175429

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg