Sitronbylbyl er ein middels stor sporvefugl i bylbylfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phyllastrephus icterinus
Beskriven av
(Bonaparte, 1850)

Vaksne hannar veg rundt 20 gram og hofuglane rundt 18 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Sitronbylbyl lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sitronbylbyl
Phyllastrephus icterinus
Artsdatabanken-ID
182630

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg