Shikrahauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Shikrahauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Midtausten, Asia og Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter badius
Beskriven av
(Severtsov, 1873)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 120 gram og hofuglane rundt 170 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Shikrahauk er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og små varmblodige dyr som han fangar på bakken og i buskar.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

shikrahauk
Accipiter badius
Artsdatabanken-ID
175310

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg