Samvirkelova er ei norsk lov som regulerer samvirkeforetak. Samvirkeføretak er ei eiga føretaksform som har til hovudformål å drive økonomisk verksemd for medlemmane sin interesse.

Faktaboks

Fullt namn
lov om samvirkeforetak
Kortnamn
samvirkelova
Tredd i kraft
01.01.2008
Lovdata-ID
NL/lov/2007-06-29-81

Lova regulerer mellom anna korleis ein opprettar eit samvirkeføretak, kva dokumentasjon som krevjast, korleis foretaket skal styrast og forholdet til medlemmane.

Samvirkeføretak driv med begrensa ansvar, deltakarane er difor ikkje ansvarlege for føretaket si gjeld. Ein andel eller eit medlemskap av eit samvirkeføretak kan ikkje omsetjast. Eit samvirkeføretak skil seg frå eit selskap ved at ein ikkje fritt kan dele ut avkastning frå føretaka basert på andel av føretaket sine økonomiske middel. Avkastninga kan enten bli ståande i samvirkeføretaket eller bli utdelt til medlemmane.

Før samvirkelova vart vedteke i 2007 var reguleringa av samvirkeføretak basert på ulovfesta rett og andre relevante lovar. Samvirkelova samlar praksisen knytta til samvirkeføretak i ei lov.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg