Safirsvale er ein middels stor sporvefugl i svalefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Hirundo nigrita
- Beskriven av
- Gray, GR, 1845
Som vaksen veg fuglen rundt 19 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig tropisk skog, ulike våtmarkshabitat, kystnære ferskvassinnsjøar, hagar og urbane område. Safirsvale lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar og i skogen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.