Sørglattyrannulett er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Camptostoma obsoletum
Beskriven av
(zu Wied-Neuwied, 1831)

Som vaksen veg fuglen rundt åtte gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Sørglattyrannulett lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sørglattyrannulett
Camptostoma obsoletum
Artsdatabanken-ID
179917

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg