Rubintyrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Rubintyrann er ein middels stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pyrocephalus rubinus
Beskriven av
(Boddaert, 1783)

Som vaksen veg fuglen rundt 13 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Rubintyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Rubintyrann lever vanlegvis i rundt seks år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

rubintyrann
Pyrocephalus rubinus
Artsdatabanken-ID
180244

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg