Terakotta pleureuse i Louvre
Terrakottafigur, kanskje Isis, som sørger over Osiris, fra 15–14. århundre fvt. Skulpturen viser en kvinne med sin høyre arm over hodet, et tegn på sorg.

Pleureuse er ei nemning på ymse kledestykke nytta som teikn på sorg.

Faktaboks

Etymologi
frå fransk ‘gråtekone’

I enklaste form er pleureuse eit kvitt band nedst på ermeoppslaget på eit kvinneplagg. Pleureuse kan også vere svarte kniplingsmansjettar med utsmykning. Det kan dessutan vere eit svart sørgeskjerf som blir bore over skuldrene.

Pleureuse som teikn på sorg er kjent frå 1500-talet. Tradisjonen med sørgeklede held seg til tida etter første verdskrig.

Pleureuse har også vore brukt som nemning på fjær, særleg av struts, brukt til hattepynt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Ellen Andersen: Danske dragter, Moden i 1700- årene; Moden 1790–1840

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg