Ovambohauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Ovambohauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter ovampensis
Beskriven av
Gurney Sr, 1875

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 140 gram og hofuglane rundt 260 gram.

Arten er knytt til tørr savanne, jordbruksland, tørr tropisk skog, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Ovambohauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i tre og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 33 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ovambohauk
Accipiter ovampensis
Artsdatabanken-ID
175339

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg