Oral toleranse betyr at immunsystemet ikkje reagerer med ein vanleg immunreaksjon mot eit stoff (antigen og allergen) fordi det tidlegare har fått dette stoffet presentert gjennom slimhinnene i munnen eller i mage-tarmkanalen.

I staden for ein utadvendt, aktiv forsvarsrespons mot framandt stoff, har vi ved oral toleranse ein respons som er innadvendt i høve til immunsystemet, med mellom anna aktivering av bremsemekanismar (regulatoriske T-celler, Treg) som gjer at immunforsvaret held seg i ro.

Den orale toleransen verkar på immunresponsen i heile kroppen, ikkje berre i munn-mage-tarmsystemet, fordi immuncellene sirkulerer i kroppen. Oral toleranse er truleg hovudårsaka til kvifor 'allergivaksinar' (hyposensibilisering) gitt gjennom munnen verkar.

Toleransen ved oral toleranse er ikkje alltid fullstending, men immunresponsen er så neddempa eller har ei slik form at den ikkje er skadeleg. Eit døme er at den allergiske IgE-responsen mot ei matvare kan vere heilt fråverande, medan ein kan finne ein respons av IgG-klassen som teikn på kontakt med matvara. Oral toleranse er slik ein form for toleranse som først og fremst hindrar immunrespons som kan gi kliniske symptom, men ikkje nødvendigvis all immunrespons.

Kva orda betyr

'Oral' tyder her at stoffet kjem inn i kroppen og møter immunsystemet gjennom slimhinnene i munnen, magen og tarmen.

'Toleranse' tyder at immunsystemet har lært at det skal tåle å møte det aktuelle stoffet utan å starte ein vanleg immunrespons med antistoff og celler. Toleranse er ein aktiv bremserespons. Immun toleranse mot mange stoff er svært viktig for å unngå skadeleg overreaksjon frå immunsystemet mot til dømes allergen eller bakteriar i tarmen, og for å unngå reaksjon mot eigen kropp, det vi kallar autoimmunitet. Eit døme er ei gravid kvinne sin reaksjon mot vevstypeantigen hos fosteret som kjem frå barnet sin far. Ei uheldig side ved toleranse er om det oppstår toleranse mot kreftvev. Då får kreftsvulsten utvikle seg utan at immunforsvaret angrip den.

Allergi og oral toleranse

Oral toleranse er spesielt viktig for å unngå allergisk reaksjon mot stoff i maten. Også anna vi kan få inn gjennom munnen eller luftvegane og som vil ende opp i magen, til dømes pollen, kan stimulere til oral toleranse. Krom-tilførsel gjennom spyttet frå metallbøyler ved tannregulering er funne å redusere risikoen for seinare hudallergi mot krom.

Mykje allergi har truleg som årsak svikt i utviklinga av oral toleranse. Ei årsak til svikten kan vere at immunsystemet har møtt det framande stoffet gjennom huda før det i tilstrekkeleg mengde kom inn gjennom munnen.

Førebygging av allergi

Mykje oral toleranse vert truleg utvikla alt i fosterlivet fordi allergen kjem inn til fostervæska som fosteret svelgjer. Seinare kan dei små mengdene allergen barnet får gjennom morsmjølka vere viktige. Det at små barn vil putte 'alt' i munnen, kan også vere nyttig i høve til utvikling av oral toleranse og hindring av allergiutvikling.

Mykje tyder på at eit variert kosthald hos mor under svangerskapet og amminga og hos barnet når det tek til å få fast mat i tre-fire til seks-månadsalderen, vil redusere risikoen for at barnet blir allergisk. Det er er ein trend i utviklinga at i staden for å unngå allergen, tilrår ein nå at småbarn får små 'smaksprøver' av mat heilt ned i tre-fire-månadsalderen. Dette har dobbel nytte. Barna kan då få indusert oral toleranse mot dei aktuelle matvarene, og dei venner seg til mange og nye smakar og godtek eit meir variert kosthald, som òg reduserer risikoen for allergi.

Derimot kan hudpleieprodukt som er tilsett stoff frå planter og andre organismar truleg auke risikoen for å allergi, fordi dei kan gje immunsystemet kontakt med allergen gjennom huda før det møter allergenet i munnen, magen og tarmen slik at oral toleranse har fått utvikle seg. Dette er mellom anna blitt hevda om bruk av peanøttolje (jordnøttolje) hos spedbarn.

Behandling av allergi og autoimmunitet

Ei ny form for allergibehandling går ut på å stimulere den orale toleransen. Små mengder allergen vert gjevne i aukande doser gjennom munnen, enten under tunga eller for å svelge. Slik behandling blir kalla peroral hyposensibilisering (ei form for allergivaksinasjon). Etter at peroral hyposensibilisering først vart teken i bruk med godt resultat for graspollenallergi, har den blitt teken i bruk for stadig fleire allergen, til dømes peanøtt og husstøvmidd. Mekanismane ved hyposensibilisering er enno noko uklåre, men ved oral tilførsel av allergen er truleg oral toleranse ein viktig del av mekanismen.

Stimulering av oral toleranse har med vekslande hell blitt prøvd i behandlinga av autoimmune sjukdommar, utan at det har skjedd noko gjennombrot.

Histiorikk

Det at ein kan indusere full eller delvis toleranse ved å ta inn stoff gjennom munnen, skal ha blitt praktisk nytta av den nord-amerikanske urbefolkninga for å redusere problemet med den sterkt kontaktallergiframkallande planta poison ivy. Ved å ete blad frå ei nærslekta plante med poison ivy i Rhus-familien, verna dei seg mot å reagere på poison ivy, fortel ein rapport frå 1829.

Fenomenet immuntoleranse (utan bruk av ordet) vart først beskrive av Ray D. Owen i 1945. Owen observerte at to-egga tvillingar hos kveg som delte ei felles placenta, også hadde ei blanding av kvarandre sine raude blodceller stabilt gjennom livet seinare. Forsøk i mus på tidleg 1950-tal stadfesta fenomenet. Nyfødde mus injiserte med celler frå ein framand donor ville ikkje forkaste transplantat frå den same donoren seinare i livet. Sir Frank McFarlane Burnet og Frank Fenner formulerte teoriane for immun toleranse, med fokus på utsletting av celleklonar som ville reagere. Burnet og Medawar delte Nobelprisen for fysiologi og medisin for oppdaginga av erhverva immuntoleranse i 1960.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg