Nordkrattyrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Nordkrattyrann er ein middels stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Sublegatus arenarum
Beskriven av
(Salvin, 1863)

Som vaksen veg fuglen rundt 13 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, mangroveskog og tørr tropisk buskmark. Nordkrattyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

nordkrattyrann
Sublegatus arenarum
Artsdatabanken-ID
180054

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg