Nid er eit ord som betyr fornærming eller ærekrenking. Ordet blir særleg brukt om norrøne forhold, og i mellomalderen var det å utsetje nokon for nid ei svært alvorleg handling.

Faktaboks

Uttale

ni:d

Etymologi

frå norrønt níð

Ordet kan også bety sterk motvilje, fiendskap eller misunning, til dømes viss ein seier at nokon er «full av hat og nid». Denne tydinga er påverka av tysk Neid og har kome inn i språket i nyare tid.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg