Mongolvåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Mongolvåk er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Russland.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteo hemilasius
Beskriven av
Temminck & Schlegel, 1844

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,2 kilo og hofuglane rundt 1,6 kilo.

Arten er knytt til dyrkbar mark, temperert grasmark, fjellsider og knausar, og temperert ørken. Mongolvåk lever av små varmblodige dyr som han fangar på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mongolvåk
Buteo hemilasius
Artsdatabanken-ID
175425

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg