Mayakardinal er ein liten sporvefugl i kardinalfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Granatellus sallaei
- Beskriven av
- (Bonaparte, 1856)
Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Mayakardinal lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og på bakken.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.