Mangroveviftestjert er ein liten sporvefugl i viftestjertfamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Rhipidura phasiana
Beskriven av
De Vis, 1885

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til mangroveskog, tørr tropisk skog og tørr tropisk buskmark. Mangroveviftestjert lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mangroveviftestjert
Rhipidura phasiana
Artsdatabanken-ID
181692

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg