Malakittsolfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Malakittsolfugl er ein middels stor sporvefugl i solfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Nectarinia famosa
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Vaksne hannar veg rundt 16 gram og hofuglane rundt 13 gram.

Arten er knytt til tørr, fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark. Malakittsolfugl lever av nektar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen og på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

malakittsolfugl
Nectarinia famosa
Artsdatabanken-ID
184562

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg