Mahogniand
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Mahogniand er ein middels stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pteronetta hartlaubii
Beskriven av
(Cassin, 1860)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 980 gram og hofuglane rundt 790 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, ulike våtmarkshabitat og tørr savanne. Mahogniand lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ni egg som blir ruga ut i løpet av ca. 32 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mahogniand
Pteronetta hartlaubii
Artsdatabanken-ID
174219

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg