Lov um prisereglar og prisedomstolar er ei norsk lov som fastsett reglane for prise. Prise er å ta beslag i eit skip og/eller gods når det er krig. Høve til å ta prise er etter lova begrensa til fiendtleg skip og gods.

Faktaboks

Fullt namn
lov um prisereglar og prisedomstolar
Kortnamn
lov um prisereglar og prisedomstolar
Tredd i kraft
02.05.1947
Lovdata-ID
NL/lov/1947-05-02-1

Lova stiller som vilkår at skipet eller godset tilhøyrer fiende som Noreg eller alliert stat er i krig med. I tillegg kan det takast prise i skip som tilhøyrer nøytralt land dersom frakta bryt med kunngjord blokade, eller dersom det fraktar krigsmateriell for fienden.

Avgjerd om å ta prise blir gjort av ein prisedomstol. Denne domstolen blir sett spesielt for føremålet og er i første instans tingretten på staden. Prisedomstolen skal etter lova ta avgjerd om at skipet eller lasta tilhøyrer Kongeriket Noreg dersom vilkåra er oppfylte.

Lova vart vedteken i etterkant av andre verdskrigen og kan sjåast i samanheng med resten av beredskapslovane som trer i kraft ved eventuell krig. Ein skilnad er at lov um prisereglar og prisedomstolar alltid gjeld, men blir først aktuell når vilkåra blir oppfylte ved eventuell krig.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg