Lov om det frie varebyttet innan EØS er ei norsk lov som gjer EUs forordning nr. 2679/98 til ein del av norsk rett. Forordninga bestemmer korleis medlemslanda skal forhalde seg til hindringar for den frie rørsle av varer mellom landa. Landa pliktar etter forordninga å gjere alle nødvendige og forholdsmessige handlingar for å sikre det frie varebytet når det skjer noko som kan hindre denne fridomen. Landa har også plikt til å gi melding om alle hindringar til EU-kommisjonen.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS
Kortnamn
Lov om det frie varebyttet innan EØS
Tredd i kraft
04.03.2005
Lovdata-ID
NL/lov/2005-03-04-12

Noreg er forplikta etter EØS-avtalen artikkel 7 til å gjere forordningar til ein del av norsk rett. Lova om det frie varebytet innanfor EØS vart derfor vedtatt for å oppfylle denne forpliktinga. Lova inneheld ingen eigne reglar om kva staten skal gjere når hindringar for det frie varebytet oppstår, men slår fast i § 2 at EUs forordning nr. 2679/98 gjeld som norsk lov. Denne lovteknikken kallast inkorporasjon, til forskjell fra transformasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg