Kremmyggsmett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Kremmyggsmett er ein liten sporvefugl i myggsmettfamilien og har naturleg utbreiing i Argentina, Brasil og Paraguay.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Polioptila lactea
Beskriven av
Sharpe, 1885

Som vaksen veg fuglen rundt seks gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, temperert skog, sterkt endra tropisk skog og fuktig tropisk buskmark. Kremmyggsmett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kremmyggsmett
Polioptila lactea
Artsdatabanken-ID
182561

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg