Krattkongetyrann er ein stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tyrannus vociferans
Beskriven av
Swainson, 1826

Som vaksen veg fuglen rundt 43 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Krattkongetyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

krattkongetyrann
Tyrannus vociferans
Artsdatabanken-ID
180427

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg