Krabbevåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Buteogallus aequinoctialis
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1788)
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 590 gram og hofuglane rundt 750 gram.
Arten er knytt til mangroveskog, tropisk sumpskog og fuktig savanne. Krabbevåk lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.