Konflikt er ein tilstand der to eller fleire motstridande ønske, impulsar eller motiv er til stades samtidig.

Faktaboks

Uttale
konflˈikt
Etymologi
av kon- og latin ‘slå’

Eit klassisk døme på ein konflikt ligg føre når noko ein ønskjer har både positive og negative sider, slik at ein opplever ein tilhug til å tenkje ja (tilnærming, «approach») men også nei (unngåelse, «avoidance») på same tid. Ein person som slankar seg vil på den eine sida synest at ein god kakebit er attraktivt, men samtidig oppleve at kakebiten er noko negativt. Slike konfliktar kan gi opphav til stress og ubehag.

Vanlegvis blir konflikten løyst ved at ein vel ut frå kva for ein av dei to tilhugane som er sterkast. I slike vurderingar er tidsaspektet ofte viktig. På avstand vil det positive ved eit val ofte dominere («Eg har lyst til å sykle Trondheim-Oslo til sommaren») medan det negative blir lagt mindre vekt på. Men etter kvart som storhendinga nærmar seg, aukar betydninga av det negative («Det er jo meir enn 50 mil på sykkelen!»).

Dei to nemnde kjenslene overfor alternativ kan oppstå i fleire ulike kombinasjonar, til dømes

  • Approach-approach: Her stor personen overfor eit val med to positive sider, eksempelvis å sjå ein god film eller ein annan god film.
  • Avoidance-avoidance: Her ligg to moglegheiter føre, begge negative. Eksempelvis kan ein person mislike jobben sterkt, medan alternativet – å vere arbeidsledig – også er negativt.

Desse formene for konflikt vart først introduserte av Kurt Lewin og har seinare hatt betydning i ulike delar av psykologien, ikkje minst i klinisk psykologi. Langvarige eller sterke uløyselege konfliktar kan vere belastande og medverke til emosjonelle forstyrringar.

Konflikt har også vore sentralt i andre delar av psykologien. Eksempelvis studerte sosialpsykologen Leon Festinger korleis kognitive konfliktar gir opphav til ein ubehagtilstand som personen blir motivert til å redusere (sjå kognitiv dissonans). Konflikt kan også oppstå mellom korleis ein oppfattar seg sjølv og korleis ein helst vil vere (sjølvbilete/sjølvideal) eller mellom forventningar frå ulike grupper til same person (rollekonfliktar).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg