Kanelbuktyrann er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Neopipo cinnamomea
- Beskriven av
- (Lawrence, 1869)
Som vaksen veg fuglen rundt åtte gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog. Kanelbuktyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.
Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.