Ildmønjefugl er ein liten sporvefugl i larveetarfamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pericrocotus igneus
Beskriven av
Blyth, 1846

Vaksne hannar veg rundt åtte gram og hofuglane rundt ti gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, og jordbruksland. Ildmønjefugl lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ildmønjefugl
Pericrocotus igneus
Artsdatabanken-ID
181310

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg