hegg

Hegg i bløming.
.
Lisens: CC BY SA 3.0
Hegg

Hegg i bløming. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Hegg Prunus padus i bløming
Hegg (Prunus padus) i bløming.
Hegg Prunus padus i bløming
Lisens: CC BY SA 3.0
Utbreiing av hegg

Naturleg utbreiing av hegg (Prunus padus). Basert på data frå Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

Utbreiing av hegg

Artikkelstart

Hegg er eit lauvtre i rosefamilien som er vanleg over store delar av Noreg. Hegg blømer i mai–juni med kvite blomestandar og mange blomar.

Faktaboks

Vitenskapelig navn
Prunus padus
Beskrevet av
Carl von Linné

Skildring

Hegg er eit lauvtre som sjeldan blir høgare enn 15 meter. Yteveden er lys gul, kjerneveden litt meir brunleg, ofte med gulgrøne årer. Blada er fint sagtanna, blomane kvite og fruktene er svarte steinfrukter med snerpesmak.

Utbreiing

I Noreg er hegg vanleg som enkeltståande tre i skogen gjennom heile landet. I fjellet veks heggen like langt opp som bjørka, og då er han buskforma og med opprette blomeklasar. Hegg er delt inn i to underartar, vanleg hegg, Prunus padus ssp. padus og fjellhegg, Prunus padus ssp. borealis.

Bruk

Veden til hegg er sterk og svært seig, og blir nytta til treskjering og dreiearbeid. Mindre greiner og renningar blir brukte til tønneband eller korgarbeid. Av frukta (heggebær) kan det lagast vin, likør og saft.

Borken inneheld bittermandelolje og blei tidlegare brukt i medisinen. Blada, blomane og fruktene er rike på dette stoffet. I fersk tilstand gir materiale av hegg ei sterk lukt som minner om karbol. Densiteten (massetettleiken) ved 15 prosent fukt er cirka 0,62 g/cm³.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Hegg Prunus padus
Slekt Kirsebærslekta Prunus
Familie Rosefamilien Rosaceae
Orden Roseordenen Rosales
Klasse Tofrøblada plantar Eudicots
Rekkje Dekkfrøa plantar Magnoliophyta
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nedkvitne, Knut & Johannes Gjerdåker: Hegg og hassel i norsk natur og tradisjon, 1999, isbn 82-90660-21-9, Finn boken

Faktaboks

hegg
Prunus padus
Tidligere vitenskaplig navn
Padus avium Mill., Padus racemosa (Lam.) Gilib., Cerasus padus (L.) Delarbre
Artsdatabanken-ID
103375
GBIF-ID
3021037

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg