Gulbukelenia
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Gulbukelenia er ein middels stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Elaenia flavogaster
Beskriven av
(Thunberg, 1822)

Som vaksen veg fuglen rundt 24 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, urbane område, tørr savanne, fuktig tropisk buskmark, og elvar og bekker. Gulbukelenia lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gulbukelenia
Elaenia flavogaster
Artsdatabanken-ID
179965

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg