Gulbrystmaursmett er ein liten sporvefugl i maurfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Colombia, Ecuador og Peru.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Herpsilochmus axillaris
- Beskriven av
- (Tschudi, 1844)
Som vaksen veg fuglen rundt tolv gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Gulbrystmaursmett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.