Gulbrillefugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Gulbrillefugl er ein liten sporvefugl i brillefuglfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Zosterops senegalensis
Beskriven av
Bonaparte, 1850

Som vaksen veg fuglen rundt elleve gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr og fuktig tropisk skog, tørr savanne, jordbruksland, urbane område og tropisk sumpskog. Gulbrillefugl lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og nektar som han finn i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gulbrillefugl
Zosterops senegalensis
Artsdatabanken-ID
183340

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg