Eukalyptushauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Eukalyptushauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter cirrocephalus
Beskriven av
(Vieillot, 1817)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 130 gram og hofuglane rundt 230 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna dyrkbar mark, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog og tørr savanne. Eukalyptushauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

eukalyptushauk
Accipiter cirrocephalus
Artsdatabanken-ID
175335

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg