Ecuadortrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ecuadortrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Ecuador og Peru.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Turdus maculirostris
Beskriven av
von Berlepsch & Taczanowski, 1884

Som vaksen er fuglen ca. 23 cm lang og veg rundt 64 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog og tropisk fjellskog. Ecuadortrost lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ecuadortrost
Turdus maculirostris
Artsdatabanken-ID
184204

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg