Dryadetrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Dryadetrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Turdus albicollis
Beskriven av
Vieillot, 1818

Som vaksen er fuglen ca. 22 cm lang og veg rundt 53 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, tørr savanne, og tørr, fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark. Dryadetrost lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 12 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

dryadetrost
Turdus albicollis
Artsdatabanken-ID
184220

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg