Bruntyrannulett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Bruntyrannulett er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phaeomyias murina
Beskriven av
(von Spix, 1825)

Som vaksen veg fuglen rundt elleve gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr tropisk buskmark, hagar, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, og mangroveskog. Bruntyrannulett lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bruntyrannulett
Phaeomyias murina
Artsdatabanken-ID
179939

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg