Boysenbær er ei krysning mellom bringebær, bjørnebær og det amerikanske loganbær, som igjen er ei krysning mellom to ulike Rubus-artar.
Busken er sterkt torna og har store bær som er ypparlege til sylting. I Noreg set boysenbær frukt berre i varme somrar og frys ofte ned om vinteren. Namnet er etter opphavsmannen til bæret, den amerikanske gartnaren Rudolph Boysen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.