Borde er ulike typar band, strimlar og sløyfer brukt til bunad og folkedrakt.

Faktaboks

Også kjend som
bore, bole (tjukk L)

Blankborde er eit sølvband. Brageborde er silkeband med brosjert mønster. Hodnborde er eit band sett over hårlaget i nakken. Pannelinborde er band, helst i brosjert silke, som sit langs midten på pannelinforma (jentepannelin). Leaborde er band som heng i kvar side (hårlag). Raudeborde er eit raudt ullband. Svarteborde er eit svart fløyelsband med brosjert blomstermønster.

Raude- og svarteborde høyrer med til jentehovudplagget på bunader i for eksempel Voss, Hardanger og Osterøy.

«Blomstrut borde» er i Hallingdal eit svart silkebrosjert fløyelsband, og «brun borde» har svart og lilla mønster. «Flekkeborde» er eit mønstra band (Jølster). «Hårrlandsborde» er eit fabrikkvove, mønstra bomullsband (Jølster).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Aagot Noss: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark, 2003; Lad og krone, 1991; Klesskikk i Tinn, 1999; Nærbilete av en draktskikk, 1992
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg