Blyglente
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Blyglente er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ictinia plumbea
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1788)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 250 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, mangroveskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Blyglente lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

blyglente
Ictinia plumbea
Artsdatabanken-ID
175288

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg