Besrahauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 2.0

Besrahauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter virgatus
Beskriven av
(Temminck, 1822)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 100 gram og hofuglane rundt 140 gram.

Arten er knytt til temperert skog, jordbruksland, fuktig tropisk skog, mangroveskog og tropisk fjellskog. Besrahauk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

besrahauk
Accipiter virgatus
Artsdatabanken-ID
175333

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg