Båtnebbtyrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Båtnebbtyrann er ein stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Megarynchus pitangua
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen veg fuglen rundt 67 gram.

Arten er knytt til tørr savanne, fuktig tropisk buskmark, jordbruksland, og tørr og fuktig tropisk skog. Båtnebbtyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

båtnebbtyrann
Megarynchus pitangua
Artsdatabanken-ID
180396

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg