Askehauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Askehauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Australia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter novaehollandiae
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1788)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 310 gram og hofuglane rundt 720 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, temperert skog og mangroveskog. Askehauk er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna små varmblodige dyr, virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

askehauk
Accipiter novaehollandiae
Artsdatabanken-ID
175316

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg