Aplomadofalk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Aplomadofalk er ein middels stor rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco femoralis
Beskriven av
Temminck, 1822

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 260 gram og hofuglane rundt 410 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna overfløymd og høgtliggjande tropisk grasmark, sterkt endra tropisk skog, tørr savanne, temperert grasmark og myr. Aplomadofalk er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 32 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Aplomadofalk lever vanlegvis i rundt tolv år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

aplomadofalk
Falco femoralis
Artsdatabanken-ID
178500

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg