Andesfossekall
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Andesfossekall er ein stor sporvefugl i fossekallfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cinclus leucocephalus
Beskriven av
Tschudi, 1844

Vaksne hannar veg rundt 45 gram og hofuglane rundt 37 gram.

Arten er knytt til elvar og bekker og lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar under vatn og i vassoverflata.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

andesfossekall
Cinclus leucocephalus
Artsdatabanken-ID
182569

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg