Afrikahaukørn er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Aquila spilogaster
- Beskriven av
- (Bonaparte, 1850)
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,3 kilo og hofuglane rundt 1,6 kilo.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, jordbruksland, fuktig tropisk skog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 43 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ti veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fire til fem år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.