Wenzhou, hamneby i Kina. Byen er eit økonomisk, politisk og kulturelt senter i det søraustlege Zhejiang, ved munninga av Ouelva (Ou Jiang), ca. 350 km sør for Shanghai. Storbyområdet har 3 208 000 innbyggarar (estimat for 2015, FNs befolkningsdivisjon).

Etter 1970 ekspanderte byen kraftig som hamneby. Eksport av blant anna te, tømmer og frukt. Rike forekomster av alunitt. Betydeleg foredling av matvarer og produksjon av vin. Elles papirindustri, produksjon av jordbruksmaskinar. Byen ligg isolert til i provinsen. Han er heimstad for mange kinesarar som har utvandra til Nederland, Frankrike og Italia. Naturgassfeltet Lishui ligg om lag 150 km til havs utanfor kysten av Wenzhou, og starta produksjon i 2014.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.