Faktaboks

Wang Hongwen

王洪文

Fødd
1935
Død
1992
Wang Hongwen
Wang Hongwen
Av /𝒲.

Wang Hongwen var ein kinesisk politikar. Han vart sett på som ein mogleg etterfølgjar av Mao. I 1976 vart han arrestert som medlem av Firarbanden, og i 1981 vart han dømd til livsvarig fengsel.

Firarbanden

Wáng Hóngwén (王洪文) var den yngste medlemmen av Firarbanden, og blant dei yngste som nokon gong hadde sete i den ståande komiteen i politbyrået (i ein alder av 37). Etter at Lin Biao døydde i ein flystyrt i 1972, gjekk det rykte om at Wang var utpeika som Maos etterfølgjar.

Wang Hongwen døydde av leverkreft i fengsel i 1992.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg