Volbu er ei bygd (sokn) i Øystre Slidre kommune i Valdres. Bygda ligg på nordsida av Volbufjorden (434-431 meter over havet). Det meste av bygda ligg på vestsida av Volbuelve; på austsida ligg tettstaden Moane.

Faktaboks

Etymologi

norrønt Volubu; førsteleddet er eit gammalt elvenamn *Vala, genitiv Vǫlu, sisteleddet er bu 'bygd'

Volbu kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1831. Ho vart reist på staden der det før stod ei stavkyrkje. Ved kyrkja er det eit lite museum som informerer om den tidlegare Volbu stavkyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg