Timur Lenk

Faktaboks

Uttale
tˈimur lenk
Timur Lenk

Timur den halte, engelsk: Tamerlane

Født
1336
Død
1405

Timur Lenk, mongolfyrste og etterkommar av Dsjengis-khan, rir gjennom ei gate i sin hovudstad Samarkand. Persisk miniatyr frå ca. 1430-åra. Smithsonian Institution, Freer Gallery of Art, Washington.

Timur Lenk av /KF-arkiv ※. Falt i det fri (Public domain)

Timur Lenk var ein sentralasiatisk erobrar av tyrkisk avstamming og første herskar i Timuride-dynastiet. Han erobra makta over størstedelen av Transoxania i 1360-åra, og underkua i dei følgjande tiåra dei fleste vest- og sentralasiatiske land mellom Mongolia og Middelhavet. Han døydde medan han førebudde seg til å erobre Kina.

Timur Lenk blir i historia gjerne omtalt som ein brutal tyrann. Både han og etterkommarane hans, timuridane, utførte òg kulturelle storverk og fremja handel og vitskap. Særleg berømd er den timuridiske kunsten. Timur Lenk gjorde hovudstaden Samarkand til ein av dei vakraste byane i Asia.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg