St. Thomaskirken er ei lita kyrkje i Vang kommune, ved Kyrkjestølane på Filefjell. Kyrkja vart innvigd i 1971.
Faktaboks
- Også kjend som
-
St. Tomaskirken
- Etymologi
-
Viet til Thomas Becket (1118-1170) eller apostelen Tomas.
Det opphavlege kyrkja på Kyrkjestølen var ei stavkyrkje som vart riven i 1808.
I mellomalderen og sidan frå rundt 1620 var St. Thomaskirken ein samlingsstad for bønder frå aust og vest, med gudsteneste ved presten i Vang kvar 2. juli. På grunn av fyll og slagsmål under møta vart kyrkja riven i 1808.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.