Faktaboks

Slidrefjorden
Uttale

sl'irefjorden

Region
Innlandet
Kommune
Vestre Slidre
Vassdrag

Drammensvassdraget

Viktigaste tilløp
Storåne (Begna)
Viktigaste utløp
Begna
Areal
11 km2
Djupn
76
Volum
270 mill. m3
Vestre Slidre

Utsyn over den nørdste delen av Slidrefjorden mot grenda Lomen.

Av /KF-arkiv ※.

Slidrefjorden er ein innsjø i Valdres, i Vestre Slidre kommune, Innlandet fylke. Sjøen måler 11,3 km2 og ligg 366–363 moh. Slidrefjorden er ein langstrekt og djup fjordsjø. Lengda er 16,3 km, største breidde er 1,4 km, største målte djupn er 76 m. Viktigaste tilløp er Storåne (Begna) frå nord. I sørenden er Slidrefjorden skilt frå Strondafjorden ved dam ved Pjåten og Fossheim.

Fjorden har jordbruk og busetnad på begge sider, mest på austsida langs E16 med tettstadene Slidre og Røn. Fylkesveg kryssar fjorden i bru over det tronge Einangsundet.

Kart

Slidrefjorden
Slidrefjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg