Seljestadjuvet

Seljestadjuvet. Seljestadssvingane på den gamle vegen over Røldalsfjellet fører ned til Gorsvatnet i juvet. Over vatnet går ny E134 på bru mellom Røldalstunnelen (nærast) og Seljestadtunnelen.

Seljestadjuvet er ein botn inst i Seljestaddalen, Ullensvang kommune, Vestland fylke. Den gamle riksvegen gjennom juvet (bygd i 1850–1896) går i seks slyng, frå 856 meter over havet ved Gorsvatnet opp Gorssvingane til 1067 meter over havet på Røldalsfjellet. Frå den gamle vegen over Røldalsfjellet, som er open for trafikk i sommarhalvåret, er det ei fantastisk utsikt nordvestover mot mellom anna Folgefonna.

Ved starten på slyngvegen ved Gorsvatnet står ein minnestein over postførar G. Turtvedt, som i januar 1903 grov seg ut med posthornet etter å ha vore gravlagd i 56 timar under eit snøskred.

Heilårsvegen E134 går frå Seljestadjuvet i tunnel gjennom fjellet til Håradalen i Røldal. Høgaste punkt i tunnelen er 876 meter over havet.

Kart

Seljestadjuvet
Seljestadjuvet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg