Faktaboks

Sabahattin Ali
Uttale

s'abah'attin 'ali

Fødd
25. februar 1907, Eğridere i Det osmanske riket, nå Ardino i Bulgaria.
Død
2. april 1948, Kırklareli, Tyrkia

Sabahattin Ali er ein tyrkisk romanforfattar. Han er kjend for den sosialrealistiske romanen Yusuf frå Kuyucak (1937) som blei gjennombrotet for sjangeren landsbyroman, som kom til å dominere tyrkisk litteratur på 1950-talet.

Sabahattin Ali slo gjennom i ei tid då den nye republikken Tyrkia framleis var ein eittpartistat prega av sensur. Han er ein meister i å skildre korleis politiske tilhøve visar seg i liva til einskildmenneske, og er blitt vist intens merksemd i Tyrkia i nyare tid. På 2010 tallet har nye utgåver av romanen Madonna i pelskåpe frå 1943 blåst nytt liv i forfattarskapen.

Bakgrunn

Sabahattin Ali vart fødd i landsbyen Eğridere, som den gongen låg i Det osmanske riket. I dag heiter landsbyen Ardino og ligg i Bulgaria. Sabahattin Ali studerte i Tyskland, og arbeidde sidan som lærar og journalist i Tyrkia. Han døydde under mystiske omstende i 1948. Sabahattin Ali hadde ønskt å emigrere, men hadde ikkje fått pass av dei tyrkiske styresmaktene. Medan han var i ferd med å flykte over grensa til Bulgaria, vart han slått i hjel av ein nasjonalist.

Forfattarskap

Ali debuterte med diktsamlinga Dağlar ve Rüzgâr 'Fjell og vind i 1934.

Sosialrealisme

I 1937 ga han ut romanen Yusuf frå Kuyucak (1937) som blei gjennombrotet for den sosialrealistiske sjangeren landsbyromanen, som kom til å dominere tyrkisk litteratur på 1950-talet.

Madonna i Pels

Madonna i pels er ein roman frå 1943 som etter nye utgåver i 2013 har fått ny aktualitet og blåst liv i forfattarskapen. Handlinga er lagt til Berlin i mellomkrigstida, og skildrar med tilbakeblikk ei underleg kjærleikshistorie mellom ein einsam student frå Tyrkia i Berlin og ei ung jødisk kvinne i kunstnarmiljøet der. Isolasjonen dei to kjærestane dyrkar i Berlin, liknar scener frå den seinare amerikanske romanen Giovannis rom (1956) av James Baldwin.

Romanen ber sterkt preg av kjennskapen forfattaren har til tysk litteratur og kultur. Kjerneforteljinga verkar påverka av Leopold von Sacher-Masoch, medan rammeforteljinga verkar påverka av Robert Musil.

Boka har etter 2013 blir omsett til fleire språk, og i Tyrkia blei det i 2016 kjend at romanen også skulle danne manus til ein film.

Les meir i Store norske leksikon

Utgivingar

  • Dağlar ve Rüzgâr 'Fjell og vind' (diktsamling), 1934.
  • Değirmen 'Mølla' (novellesamling), 1935.
  • Kağnı 'Oksevogna' (novellesamling), 1936.
  • Esirler 'Fangar' (skodespel), 1936.
  • Kurbağanın Serenadı 'Froskens serenade' (diktsamling), 1937.
  • Öteki Şiirler 'Andre dikt' (diktsamling), 1937.
  • Kuyucaklı Yusuf 'Yusuf frå Kuyucak' (roman), 1937.
  • Ses 'Røyst' (novellesamling), 1937.
  • İçimizdeki Şeytan 'Djevelen i oss' (roman), 1940.
  • Kürk Mantolu Madonna 'Madonna i pels' (roman), 1943. Norsk omsetjing ved Ayfer Erbaydar og Alf Storrud, 2018.
  • Yeni Dünya 'Den nye verda' (novellesamling), 1943.
  • Sırça Köşk 'Glaspaviljongen' (novellesamling), 1947.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg